Crafting for Health, om å skape ei god helse i og utanfor jobb

Tidspunkt: 25. september 2025 kl: 09:00
Sted: USN campus Hønefoss - Bredalsveien 14

Seminaret har fokus på spørsmål knytte til arbeidsrelatert helse; om å skape seg ein betre arbeidsdag og om å forme ei fritid som bidreg til både god generell helse og arbeidshelse.

Vi ønskjer tilsette og leiarar i alle typar organisasjonar og bedrifter velkommen til ein fagdag med potensielt stort utbytte. Forskarar ved USN Handelshøyskolen presenterer resultat frå forskingsprosjektet MOTIVATION, Motivational Processes in Occupational Health, (Motivasjonsprosessar i arbeidshelse).

Arrangementet består av to hovuddelar knytte til helse i arbeidslivet: jobbforming og fritidsforming.

Forskarar vil fortelje om forskingsfeltet og presentere nye forskingsresultat. Deltakarar vil bli involverte gjenom samtalar, diskusjon og øvingar. På denne måten kan deltakarane få konkrete strategiar dei sjølv kan bruke for å forme ut eige arbeid og fritid.

Foreløpig program
09.00 – 11.30
Velkommen og en kort introduksjon til tema
Jobbforming: Om betydninga av psykologiske behov og korleis ein kan forme arbeidet for å tilfredsstille slike behov. Introduksjon, øvingar, resultat frå MOTIVATION
Fritidsforming: Betydninga av jobbrestitusjon og om korleis ein kan forme fritida for å halde oppe eiga arbeidshelse Introduksjon, øvingar, resultat frå MOTIVATION
Dei som ønskjer lunsj i etterkant er hjarteleg velkomne til det.

Seminaret blir arrangert av Forskingsgruppen for Work Motivation and Optimal Functioning (WMOF) ved USN Handelshøgskolen. Gruppa forskar på mellom anna arbeidsmotivasjon, arbeidsrelatert helse og optimal jobbfungering.

Påmelding: https://nettskjema.no/a/534128

 Tilbake  Det skjer - Forsiden