Til stede - kunst som kommuniserer av Bitta Bjørnsdotter

Tidspunkt: 12. desember 2021 kl: 12:00
Sted: Det Øde Galleri og Skaperi, Ole Rytteragersvei 96, 3530 Røyse

Til stede

Jeg vet ikke hvor jeg er på vei

Jeg ser hvor jeg har vært

Jeg vil være

til stede

Her og nå



Bitta Bøthun Bjørnsdotter


Velkommen til vakker kunstutstilling med Bitta B. Bjørnsdotter i Det Øde Galleri og Skaperi!

Åpningstider:
Lør 11.des. kl. 12-16
Søn 12.des kl. 12-16
Lør 18.des. kl.12-16
Søn 19.des kl.12-16

Kom innom på en kunstnerisk opplevelse, gallerikafe og kanskje et kunstkjøp!

- Eg er fødd på Stord, på vestkysten av Noreg. I mine arbeid vil eg påverke observatøren til å sjå kunst som kommunikasjon. Kunsten illustrerer tankar og kjensler, og gir ei djupare oppleving av verda rundt deg.
Eg ynskjer å formidle ein dialog som visualiserer idear fri for tolking. Inspirert av bruer som er bygga i den ville naturen i Noreg viser eg dette unike bindeleddet mellom natur, menneske og samfunn. Bruene er vakre kontrastar i naturen, dei har ei form som er menneskeskapt. Stram i form og med eit funksjonelt mål om kommunikasjon frå ei side til den andre. Samstundes er motivet og eit symbol på håp for meg. Det å gå
over ei utfordrande strekning før ein når andre sida.

Eg fekk kunstnarlivet inn med morsmjølka. Som lita sprang eg mykje rundt i atelieret til Besten Ingvald som var rosemålar. Eg budde mykje der i oppveksten, då mor mi var mykje sjuk. Ho har sjølv erfart at livet ikkje alltid går ein bein veg og har måtta justert livsituasjonen etter det. Etter ein kronisk sjukdom i 2005 valde eg å ta utdanninga mi vidare frå interiørdesignar til kunstnar.

Eg starta med nettbasert studium via Academy of Art University i California, men etter å ha møtt kunstnaren Jan Terje Rafdal frå Etne, valde eg å gå ein utradisjonell veg for å utdanne meg ferdig. Sidan møtet med Rafdal i 2016 har eg med jamne mellomrom reist frå Stord til Etne for å gå i lære hjå mentoren eller maestroen frå Etne.

Kunstrelatert utdanning:

-Bachelor. Kunsthistorie, Universitetet i Bergen. August 2020-2023
-Kunst reise, New Orleans, USA. Februar-April 2017.
-Academy of Art University, San Francisco. Januar-Juni 2016
-Studentopplæring med Jan Terje Rafdal. Januar 2016 – til i dag
-Studentopplæring med Eser Afacan, Juli, 2015.
-Teknikk i etsing med Jan Terje Rafdal. September 2014.
-Malekurs med Jan-Ove Tuv, September, 2014.
-Malekurs med Jan-Ove Tuv, April, 2014.
-Malekurs med Jan-Ove Tuv, April 2013.
-MI, Stavanger, interiør design, 2001-2003.

Utstillingar:

-Soloutstilling. Desember 2021. Det Øde Galleri og Skaperi. Hole.
-Sommarutstilling. Gruppeutstilling. Juli 2020. Galleri Giga.
-Haugesund. November 2019. Pitters Kafè.
-Stord. September 2019. Galleri Borghild.
-Etne. Hovudutstillar. August 2018.
-Odda. November 2017. Sentralbadet, Smelteverket.
-Stord. November 2017. Stord Kulturhus.
-Etne, Noreg. August 2017. Galleri Fugl Fønix.
-Stord, Noreg. November 2015. Gruppeutstilling.
-Stord, Noreg. August 2015. Separatutstilling.
-Bømlo, Noreg. Juni 2015. Gruppeutstilling.
-Stord, Noreg. Mai 2015. Gruppeutstilling.
-Spania. Oktober 2014. Gruppeutstilling.
-Launceston, UK. August 2014. Gruppeutstilling.
-Stord, Noreg. Desember 2013. Separatutstilling.
-Stord, Noreg. 2013 Gruppeutstilling .
-Stord, Noreg. November. 2011 Gruppeutstilling.

 Tilbake  Det skjer - Forsiden